Nøytralitet inneber at nettfunksjonen ikkje skal påverke konkurranseforholda mellom dei ulike kraftleverandørane i marknaden.

Netteigars grad av selskapsmessig eller eiermessig integrasjon med ein eller fleire kraftleverandørar skal ikkje gi grunnlag for særordninger som påvirkar kundane sine val av leverandør.

Nettselskapa skal opptre nøytralt overfor alle kraftleverandørar. Dei skal sørge for ei effektiv informasjonsutveksling ved leverandørskifte, måling og avregning, med det som føremål å sikre eit tilstrekkeleg konkurransenivå i marknaden.

I tillegg pliktar nettselskapa å gjennomføre leverandørskifte når de mottar melding om dette, i tråd med bestemmingane i avregningsforskriften.

I margen til høgre finn ein Bømlo kraftnett sin nøytralitetsrapport og vår rutine for å sikre at me opptrer nøytralt.

Les kva NVE skriv om nøytralitet på sine nettsider her