Med Appen får du::

  • Oversikt over alle straumkostnadar for målarane dine (førebels berre privatkundar)
  • Oppdatert oversikt over straumkostnadar inkludert påslag og avgifter
  • Kor mykje utgjer den midlertidige straumstøtta
  • Sjå reell straumpris grafisk og i tabell så langt den er fastsett (ut neste dag)
  • Sjå utviklinga av straumkostnad dag for dag og tilbake i tid (og i inneværande døgn ved bruk av Dobbe)
  • Sjå forbruk dag for dag og time for time (gjeld og inneverande døgn ved bruk av  Dobbe)
  • Sjå effektforbruket ditt akuratt no (Krev Dobbe)
  • Sjå kva nettleigedelen av rekninga kjem på
  • Kva utgjer avgiftene
  • Dagleg oppdatering av effektleddet på nettleiga (kvar time med Dobbe)
  • Total sum for alle kostnader oppdatert kvar dag (time for time med Dobbe)

Installeringa er enkel, du må ha korrekt mobilnummer registrert på kundeforholdet. Appen viser nøkkelopplysningar om kostnadar hittil i denne månaden. .

Framside_APP

Denne visinga er kalla "Oversikt". Det er mogleg å klikke seg inn på alle dei ulike firkantane for å få opp meir detaljert informasjon.

Nedanfor er døme på dei ulike kurvene som vert presentert i Appen.

Straumkostnad pr. døgn:

Stolpegraf_Kostnad

Straumstøtta frå staten er eit estimat basert på gjennomsnittleg kraftpris hittil i inneverande månad. Dersom kraftprisen går opp/ned resten av månaden vil kompensasjonssatsen endre seg. Kostnad for nettleige kjem i tillegg.

 

Nettleige kapasitetsledd

Forklaring nettleige

Dømebilder_1Dømebilder_2Dømebilder_3

Tilbakemelding på appen

Me set pris på tilbakemeldingar dersom de finn feil eller manglar i appen. Nedanfor er det eit skjema som kan nyttast til slik tilbakemelding.