Partar
Kven kan vera parteigar?
Omtala i § 4 i vedtektene.
” Parteigar kan vera alle personar, dvs selskap, sameige eller fysisk person, som eig eigedom med elektrisk anlegg som er tilknytta laget sitt fordelingsnett eller som ønskjer å knyta slik anlegg til dette nettet, samt dei kommunar som ligg i laget sitt konsesjonsområde.
I høve tvil avgjer styret med endeleg verknad kven som kan vera parteigar”
I samband med nye tilknytingar betalar kunden ei tilknytingsavgift, denne inkluderer 3 partar i kraftlaget.
I ein periode før 1983 vart ikkje nye kundar pålagt å kjøpa partar.
I §” 5 heiter det at anleggseigarar som har betalt tilknytingsavgift, men som ikkje har teikna partar, har rett til å teikna inntil 3 partar kvar;
Om du ynskjer å kjøpa partar ta kontakt med oss på Finnås Kraftlag.
Kvar part er på kr 100,-
Overføring av partar
Om omtala i § 5 i vedtektene.
"Partar lyder på namn og kan verre byta eigar med godkjenning av styret, men slik godkjenning kan ikkje nektast utan sakleg grunn.
Overtaking av partar i uskifta bu vert ikkje å rekna som eigarskifte.
Som det fylgjer av vedtektene er partar personleg eigedom. Ved arveoppgjer er det viktig at ein tek kontakt med Finnås Kraftlag slik at partar kan verta overførte.
Ved slik overføring må Finnås Kraftlag ha dokumentasjon for rett arv, og for at alle arvingar samtykkjer i overføringa. Ved overføring av partar må ny eigar fylla vilkåra i § 4 i vedtektene.
Me minner om at sidan partbrev er personleg eigedom, er det berre den som parten lyder på som rår over parten og som då har rett til å stemma på årsmøtet. Ektefeller, eller andre, som ynskjer å eiga parten i lag kan få partar overført til dei det gjeld. I slike høve vil berre ein av pålydande parteigarar ha stemmerett på årsmøtet.
Stemmerett på parteigarmøtet
Omtala i § 14 i vedtektene.
"Ingen kan ha meir enn 3 stemmer på parteigarmøtet.
Ein parteigar kan gi skriftleg fullmakt til ein annan parteigar.Ved røysting gjev opp til 10 partar ei røyst.
Opp til 20 partar gir to røyster
Over 20 partar gir 3 røyster.
Innløysing av partar ?
Finnås Kraftlag løyser ikkje inn partar.
Viser her til § 5 i vedtektene.

