Vedtekter Finnås Kraftlag

Gjeldande vedtekter vart vedtekne på omframt parteigarmøte 30. mars 2005 og i vanleg parteigarmøte 28. april 2005. Desse vedtektene erstattar vedtektene frå 1994.

Nedanfor følgjer eit lite utdrag frå vedtekene. Alle vedtektene finn du ved å klikka på denne lenken.

Finnås Kraftlag BA er eit allmennyttig partlag med skiftande medlemstal og med avgrensa ansvar.  

Ingen parteigar er ansvarleg for laget sin skuldnader med meir enn sin eigen part. (§1)

Laget sitt føremål er å skaffa nok energi, og syta for ein sikker og rasjonell energidistribusjon samt gje eit breibandstilbod til parteigarar i Bømlo kommune, herunder å eiga og/eller ta del i andre føretak med same eller liknande føremål. (§2)

Parteigar kan vera alle personar, dvs. selskap, sameige eller fysisk person, som eig eigedom med elektrisk anlegg som er tilknytta laget sitt fordelingsnett eller som ønskjer å knyta slikt anlegg til dette nettet, samt dei kommunar som ligg i laget sitt konsesjonsområde. (Utdrag frå §4)

Kvart part er på kr. 100,-. Partane lyder på namn og kan berre byta eigar med godkjenning av styret, men slik  godkjenning kan ikkje nektast utan sakleg grunn. Overtaking av partar i uskifta bu vert ikkje rekna som eigarskifte. Anleggseigarar som har betalt tilknytingsavgift, men som ikkje har teikna partar, har rett til å teikna inntil tre partar kvar. (Utdrag frå §5)

Kraftlaget vert leia av styret på ni medlemer med varamenn. Seks styremedlemer med varamenn vert valde av årsmøtet for to år om gongen, likevel slik at tre og tre går ut annakvart år. Av dei årsmøtevalde styremedlemene skal minst ein vere busett i tidlegare Bømlo, ein i tidlegare Moster og to i tidlegare Bremnes kommune. I tillegg peikar dei tilsette i kraftlaget ut to styremedlemer og Bømlo kommune eit for eit år om gongen. Kraftlaget skal ha melding om slik utpeiking innan 1. mars. (Utdrag frå §6)

Parteigarmøtet er laget sitt øvste mynde. Parteigarmøta (årsmøte) skal haldast kvart år innan utgangen av april. Omframt parteigarmøte vert halde når styret finn det turvande eller når minst fire styremedlemer eller parteigarar som representerer minst ein tiandepart av partmedelen krev det. Kravet skal setjast fram skriftleg og nemna dei saker som vert kravd lagt fram for parteigarmøtet. Styret kallar parteigarmøta saman ved vanleg kunngjering.  (Utdrag frå § 12)

Parteigarmøtet skal sjå til at føremålet med laget vert fremja i samsvar med vedtekter og vedtak. Ordinært parteigarmøte skal handsama og fatta endeleg avgjerd i følgjande saker:
a) ...... .....
h)  Gjera vedtak i andre saker som styret måtte leggja fram for parteigarmøtet. Saker som andre enn styret ønskjer handsama i møtet, må vera styret i hende før den 1. januar. (Utdrag frå § 13 )

Ved røysting gjev opp til 10 partar ei røyst. Opp til 20 partar gjev 2 røyster og over 20 partar gjev 3 røyster. Den som vil nytta meir enn ei røyst, må leggja fram ei underskriven fråsegn der han seier frå kor mange røyster han har.
Parteigarmøtet avgjer sakene med simpelt fleirtal av dei møtande når ikkje anna er sagt i vedtektene eller lov. (Utdrag frå § 14)