Ekstraordinært årsmøte 2017

FINNÅS KRAFTLAG SA held ekstraordinært årsmøte i Bømlo Kulturhus, Svortland, måndag 13. november 2017 kl. 18:00. Registrering av stemmer frå kl. 17:00 til 17:50.

Desse sakene ligg føre:

Sak 1  Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 2  Godkjenning av møteboka frå årsmøte 10.mai 2017
Sak 3  Val av to personar til å skriva under møteboka og val av to observatørar
Sak 4  Godkjenning av investeringsavtalen mellom Finnås Kraftlag SA og
           Haugaland Kraft AS

Saksdokumenta er lagt ut til gjennomsyn på Kraftlaget sitt kontor og på heimesida

Medlemmer kan få tilsendt saksdokumenta dersom ein ber om det.
Alle medlemmer vil få innkalling og sakliste tilsendt. For å lette registreringsarbeidet må innkallingsbrevet takast med på årsmøtet.Ynskjer du å gje frå deg fullmakt til andre må du fylla ut og signere på skjemaet nedst på innkallinga.

Alle medlemmer vert med dette kalla inn til møtet.

For styret i Finnås Kraftlag SA

Torleiv Fylkesnes
Styreleiar

 

Saksdokument: 

 Innkalling og saksdokument