FOTOKONKURRANSE - VINN 10.000 KR TIL LAGSKASSA OG PLASS I KRAFTKALENDEREN

Bømlingen er engasjert – og me e’ der når nåke skjer! Kraftlaget har sidan år 2000 delt ut nærare 45 millionar kroner til ålmennyttige formål og i Kraftkalenderen 2018 vil me vise fram bømlingane sitt engasjement for lag og organisasjonar.

Framsidebildet blir valt ut av ein jury og laget/prosjektet som vinn får kr 10.000, bildet trykt inne i kalenderen og eksponering på Facebook. I tillegg får elleve andre lag kr 1.000 og bildet trykt i kalenderen. Det blir også ein tekst som presenterer laga.

TEMA: Kva skjer i laget ditt?

STIKKORD: Gode øyeblikk frå laget ditt. Laget i aktivitet. Engasjement.

KONKURRANSEVILKÅR: Send inn bilde av eit godt øyeblikk frå laget ditt. Fortel om situasjonen du tok bilde av, kvar bildet blei tatt og om følelsen du/dåke hadde då det vart teke. Teksten må vera mellom 25 og 35 ord. Skriv også ein kort tekst om laget/prosjektet.

Kvar person kan senda inn maks tre bilde. Det må vera frå eit lag ein er engasjert i. Finnås Kraftlag får rett til å nytta alle innsendte bilde vederlagsfritt og fotografen må sørge for å få godkjenning av personar på bilda/foreldra (gjeld ikkje om det er bilde av stor folkemengd). Laget/prosjektet må vere heimehøyrande på Bømlo.

NB! Me ønskjer bilde av folk, og ikkje berre bygningar og ting.

LEGG BILDET DITT DIREKTE UT PÅ SIDA VÅR ELLER TIL firmapost@finnas-kraftlag.no INNAN 5. NOVEMBER.

NB! Hugs å skrive tekst!