Pressemelding

 

Fare for streik

Den 26. mai i år vart det brot i tarifforhandlingane mellom KS Bedrift og alle arbeidstakar-organisasjonane som er part i tariffavtalene Energiavtale I og Energiavtale II.

Partane i konflikten vart kalla inn til mekling hos Riksmeklingsmannen den 21. september med frist for å verta einige 22. september kl. 24.00. Dessverre klarte ikkje partane i Energiavtale I å koma fram til semje, og dermed var streik eit faktum frå 23. september.

EL & IT Forbundet, Fagforbundet, Delta og Parat har varsla opptrapping, og dersom ikkje streiken vert avslutta innan torsdag 29.september, vil Finnås Kraftlag og 14 nye energibedrifter bli tatt ut i streik. Dersom dette skjer, vil i alt 30 bedrifter og 538 tilsette vera i streik frå fredag 30. september.

Hovudårsaken til brotet i forhandlingane er usemje om vilkåra i tariffavtalen vedkomande kompensasjon for beredskapsvakt. Tariffavtalen vår har alltid følgt arbeidsmiljølova sin hovudregel om korleis beredskapsvakta skal kompenserast. Stortinget har endra hovudregelen, og KS-bedrift meiner dette dermed bør følgjast opp i bedriftene. Arbeidstakarorganisasjonane på si side, ønskjer omkamp på lovendringa gjennom å tariffesta den gamle hovuddregelen.

Dagens samfunnsstruktur er svært sårbar dersom straumen forsvinn. Ved drifts-forstyrringar i nettet ved ein eventuell streik vil me gjera vårt yttarste for å minska verknaden av slike hendingar for kundane våre. Der det er fare for liv og helse (også dyrehelse), og ved utilbørleg skade for 3. person, vil det bli søkt om dispensasjon slik at leveransen av straum kan gjenopprettast.

I streikeperioden vil me dessverre ikkje vera i stand til å gi kundane og forretnings-forbindelsane våre, den service ein er vant med frå selskapet.

Finnås Kraftlag har beredskapsplan for handtering av blant anna streikesituasjonar, og selskapet er godt rusta for å kunne handtera ein streik i selskapet.

Kontaktperson hos Finnås Kraftlag er:
Elverksjef Nils Gunnar Gloppen
Telefon: 913 87 775 eller e-post: ngg@finnas-kraftlag.no