Finnås Kraftlag har forlenga avtalen med Haugaland Kraft Fiber

Finnås Kraftlag SA forlenga i dag, 29.02.2016, avtalen med Haugaland Kraft Fiber AS om levering av fibertenestane internett, tv og telefoni dei neste fem åra. Begge parter ser fram til å fortsetta med det gode samarbeidet.

«Det er gledelig at vi i dag har signert avtale om vidare samarbeid med Finnås Kraftlag, de er en solid og engasjert medpartner å ha med på laget», sier Jan Håland, direktør i Haugaland Kraft Fiber.

Finnås Kraftlag har hatt ein fantastisk utvikling frå dei starta med fiberutbygging for litt over 10 år sidan. Då dei starta i 2005 såg dei for seg at dei maksimalt ville kunne få 3 000 fiberkundar på Bømlo. I dag har dei passert 4 500 fiberkundar og fleire nye kundar kjem stadig til. Finnås Kraftlag har Norges mest nøgde fiberkundar ifølgje EPSI. EPSI gjennomfører årlege kundetilfredsheitsundersøkingar for breibandsbransjen. Altibox har dei siste seks åra hatt dei mest nøgde kundane, og blant alle Altibox-partnerane er det Finnås Kraftlag som kjem aller best ut, år etter år.

«At me valde å satse på fiber har vært alfa og omega både for Finnås Kraftlag og for Bømlo. Altibox-satsinga har vore ein suksess frå dag éin. Me takkar for det gode samarbeidet så langt og er glade for å ha signert ein vidare avtale med Haugaland Kraft Fiber», seier Nils Gunnar Gloppen, elverksjef i Finnås Kraftlag.

Haugaland Kraft Fiber er Altibox-partner, og totalt har dette partnerskapet i dag over 400 000 kundar i hele landet. Finnås Kraftlag er medpartner av Haugaland Kraft Fiber. Haugaland Kraft Fiber bidrar i tillegg til leveranse av fibertenester også med kundeservice og teknisk kompetanse for alle sine sju medpartnerar.
 

Finnås Kraftlag har forlenga avtalen med Haugaland Kraft Fiber