Pressemelding

Nytt lovforslag kan trua eksistensen til små energiselskap

Torsdag var ein delegasjon frå Finnås Kraftlag på besøk på Stortinget, og hadde møte med KrF-leiar Knut Arild Hareide, stortingsrepresentantane Øyvind Halleraker, Odd Henriksen, Torhild Aarbergsbotten (Høgre) og Ola Elvestuen (Venstre). Sistnemnde er leiar av Energi- og miljøkomiteen. Målet med møtet var å drøfta lovforslaget om selskapsmessig- og funksjonelt skilje. Stortinget skal handsama forslaget før påske, og den 4.februar er det høyring i Stortingets Energi- og miljø komité om same tema.

Finnås Kraftlag er svært kritisk til forslaget om selskapsmessig- og funksjonelt skilje. Det siste er særlig problematisk for små selskap. Eit funksjonelt skilje er rekna å gi årlege meirkostnader på opp til 300 millionar kroner for bransjen totalt, i tillegg kjem kostnadar med redusert samhandling og ressursutnytting. Det er dei små selskapa som vert hardast råka.

Om forslaget blir vedteken slik det ligg i dag, vil ein påføre energiselskapa unødvendige kostnadar og byråkrati noko som truar eksistensen til mange lokale energiselskap, seier styreleiar Torleiv Fylkesnes.

Forslaget om selskapsmessig- og funksjonelt skilje vert grunngjeve med at dagens ordning medfører fare for kryss-subsidiering og at nett ikkje er tilgjengeleg på like vilkår for alle aktørar. Det er imidlertid klart at regjeringa også har eit mål om færre og større selskap. Det vert hevda at dei små selskapa ikkje er rusta til å møta kommande krav til investering, vedlikehald og beredskap, og at det er behov for meir robuste selskap.

- Finnås Kraftlag har gjennom mange år vist seg robust, mellom anna ved omfattande investeringar i både straum- og fibernett. Det framlagde forslaget er byråkratiserande og fordyrande, og rekninga må sendast vidare til nettkundane. På lengre sikt, fryktar me små selskap ikkje vil overleva. Dersom ei sentralisering skjer, er me urolig for at beredskap og forsyningstryggleiken vert svekka i distrikta.

Delegasjonen vart godt mottatt på Stortinget og møtet var positivt. Finnås Kraftlag er spent på den vidare handsaminga i komiteen.

 

Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen

Bak frå venstre: Torleiv Fylkesnes, Ola Elvestuen, Odd Henriksen, Øyvind Halleraker,
Bente Steinsland, Torhild Aarbergsbotten, Nils Gunnar Gloppen og Anne-Beth Njærheim
(Knut Arild Hareide var ikkje til stades då bildet vart teke)