Bli medlem!

Bli medlem

Eit samvirkelag er til for, og styrt av medlemmene.
Som medlem kan du påverka leiinga og utviklinga av Kraftlaget.
Laget er avhengig av aktive medlemmer.
 

Medlemskap løner seg

Som medlem har du rett til åf å del i overskotet i laget. Inntil 35% av det årlege overskotet kan nyttast til etterbetaling til medlemene. Kor stor etterbetaling du får, er avhengig av kor mykje du handla med laget siste året.

Medlem

Medlemskap i samvirkelaget Finnås Kraftlag SA er frivillig. Både personar og bedrifter kan vera medlem i Kraftlaget. Vilkåret for å bli medlem er at ein kjøper tenester frå Kraftlaget. Vidare må privatpersonar vera busette i forsyningsområdet. For verksemder, lag og organisasjonar gjeld at dei må har forretningsadresse i forsyningsområdet.

Rettar og plikter som medlem

Medlemsinnskotet er kr 300,-

Alle medlemene har rett til å delta i styringa av laget ved å møta og røysta på årsmøtet. På årsmøtet har kvar medlem èi røyst.

Årsmøtet skal velja eit styre med seks medlemer, av desse ein styreleiar. Begge kjønn skal vera representerte. Styreleiaren blir vald for eitt år om gongen, styremedlemmene for to år. Dei tilsette vel sin representant, og Bømlo kommune peikar ut sin observatør til styret.

Finnås Kraftlag er eit solid selskap. Eigarandelen vår på 10 % i Sunnhordland kraftlag (SKL), gir oss gode inntekter, som kjem medlemmene tilgode gjennom lågare prisar på nettleige.

Aksjeutbytte frå SKL gir oss og handlefridom til å vera ein aktiv samfunnsbyggjar i form av breibandsutbygging og støtte til lag og organisasjonar. I selskapsforma samvirkelag har medlemmene god påverknad på styring av verksemda og fordeling av godene.

Meld deg inn!

Klikk på konvolutten til høgre og send inn skjema for å søkja medlemskap. Har du spørsmål kan du nå oss på telefon 53 42 89 00 mellom kl 07.30 og 15.00.

Føremål

"Finnås Kraftlag SA er eit allmennyttig samvirke med skiftande medlemstal og kapital. Føremålet til selskapet er å fremja interessene til innbyggjarar og verksemder i konsesjonsområdet eiga, byggja og driva anlegg for energiforsyning, omsetja elektrisk energi, produsera energi eller delta sam eigar i produksjonsanlegg, eiga, byggja og driva breibandsnett og andre elektroniske kommunikasjonsløysingar, driva, yta midlar til eller delta i anna verksemd med naturleg tilknyting til føremålet, delta i tiltak med allmennyttige føremål i kraftlaget sitt konsesjonsområde, og yta gåver til tiltak med allmennyttige føremål i konsesjonsområdet"