e-faktura

eFaktura - enkelt og greit.

 

Kva er eFaktura?

Med eFaktura får du rekninga di ferdig utfylt rett i nettbanken i staden for i posten. Dermed slepp du å tasta inn lange KID- og kontonummer når du skal betala. Beløp og forfallsdato kan endrast, og du vel sjølv når du vil godkjenna eFakturaen i nettbanken.

Sei Ja, takk!

Etter å ha betalt ei rekning i nettbanken din, vil du ofte få spørsmål om du ynkjer å ta i bruk eFaktura. Då er det berre å sei ja, takk, så vil du få neste rekning tilsendt som eFaktura.

Registrer deg sjølv

Når du skal registrera nye eFaktura-avtalar i nettbanken, treng du ein eFakturareferanse. Den finn du på forrige rekninga frå den bedrifta du ynskjer å oppretta eFaktura-avtale med.
Logg deg på nettbanken, finn fram til eFaktura, og registrer ein avtale med den bedrifta du ynskjer.
eFaktura + avtalegiro - enklast og best!

Den enklaste og beste løysinga er å kombinera avtaleGiro med eFaktura.

AvtaleGiro gir deg følgjande fordelar:

• Du blir varsla minst 7 dagar før forfall
– då har du full kontroll med rekningane dine

• Kontoen din blir automatisk belasta ved forfall
– då slepp du å betale giroen i banken/nettbanken

• Du får kvittering med forklarande tekst på kontoutskrifta
– då får du god oversikt

For å koma i gang med Avtalegiro, - kontakt banken din. Les meir om dette hos BBS >>>

e-faktura