Samfunnsengasjement
Finnås Kraftlag ynskjer å vera ein aktiv part i vidare utvikling av Bømlo-samfunnet. Det frivillige arbeidet i alle lag og organisasjonar er ein viktig føresetnad for ei god utvikling. Årsmøtet i Kraftlaget er tilrådd å løyve midlar for å støtta det frivillige organisasjonslivet. Det er styret som førestår utdeling av slike midlar.

Retningslinene for gåver til ålmennyttige føremål:
Premissar for styret si handsaming for utdeling av midlar frå fond for ålmennyttige føremål.
Finnås Kraftlag er eit ålmennyttig partlag med skiftande kapital og med avgrensa ansvar. Det at Kraftlaget er eit ålmennyttig selskap vil seia at det skal vera til gagn for ålmennheta.
I vedtektene er det ikkje klårt definert kva reglar som gjeld i samband med utdeling av gåver. Av den grunn støttar ein seg til reglane i ”Lov om samvirkeforetak” om utdeling av gåver. Årsmøtet kan gjera vedtak om å gje høvesgåver, og dessutan gåver til samvirkeføremål eller ålmennyttige føremål som må sjåast på som rimeleg ut frå gåva sitt føremål, samvirkeføretaket si stilling og omstenda elles. Årsmøtet kan delegera denne myndigheita til styret eller anna organ. Styret kan til same føremål gje gåver som i forhold til selskapet si stilling er av lita tyding.
Søknaden skal skrivast på eige skjema og skal vera dokumentert.

