Omframt parteigarmøte (årsmøte)

Nye vedtekter vedtekne med stort fleirtal

Det omframme parteigarmøtet i Kraftlaget onsdag 22. september vedtok med stort fleirtal styret sitt forslag til nye vedtekter. Nær 96 % av dei frammøtte røysta for dei nye vedtektene, som er ei tilpassing av eksisterande vedtekter til Samvirkelova.  Ein lang og grundig prosess ligg bak dette vedtaket.

Det møtte i alt 134 parteigarar, eller medlemmer som det no vil heita, til møte i Bømlo Kulturhus. Desse valde nytt styre i tråd med valnemnda si innstilling

Det nye styret er samansett slik:

Styreleiar Torleiv Fylkesnes vald for 1 år
 
Styremedlem Bjørn Lavik  vald for 1 år
 
Styremedlem Anne Beth Njærheim vald for 1 år
 
Styremedlem Martin Laurhammer vald for 2 år
 
Styremedlem Eli Furnes vald for 2 år
 
Styremedlem Signe Lund Jansen  vald for 2 år
 
Vald av dei tilsette    Reidar Sortland  
 
1. varamedlem Haldri Karin Engenes vald for 1 år  
 
2. varamedlem Ove Grønås vald for 1 år  
 
3. varamedlem Kirsten Vorland vald for 1 år
 

 Reidar Haugland er vararepresentant for dei tilsette.


Innkalling og sakspapir som låg føre til årsmøtet finn du her >>>