Tilpassa vedtekter
Finnås Kraftlag sine gjeldande vedtekter vart vedtekne i 2005, og erstatta den gong vedtektene frå 1994. På årsmøtet 28. april 2010 var vedtektsendring oppe som eiga sak der styreformann Torleiv Fylkesnes orienterte om bakgrunn for saka.
Styreformann Torleiv Fylkesnes orienterte på parteigarmøtet om bakgrunn for saka om vedtektsendring: Ny samvirkelov er gjort gjeldande frå 01.01.2008. Finnås Kraftlag er stifta som eit samvirkeføretak.
Gjeldande vedtekter er ikkje i samsvar med den nye lova, og Finnås Kraftlag har frist på seg til utgangen av år 2012, med å tilpassa vedtektene til den nye lova.
Styret starta arbeidet med nye vedtekter like etter at den nye lova vart vedteken, først som eit samarbeidsprosjekt med dei andre partlaga i regionen, og deretter har styret arbeidd vidare med resultatet av dette fellesarbeidet som grunnlag. Ein har gjennomført ein grundig prosess fram mot endeleg framlegg til tilpassa vedtekter, og styret har lagt ned mykje arbeid i dette.
Undervegs har ein nytta seg av ulike rådgjevarar. Mellom anna har ein søkt råd hos prof.dr.juris Johan Giertsen, som var med i lovutvalet. I tillegg har vedtektene vore til juridisk vurdering hos advokat Knud Lorentzen frå firma Wikeborg & Rein. Styret har lagt stor vekt på at dei tilpassa vedtektene skal avspegle parteigarane sine meiningar. Ein ynskte difor å ta parteigarane med på råd og å opprette dialog. I november 2009 inviterte ein alle parteigarane til orienterings- og drøftingsmøte, der framlegg til vedtekter vart presentert og drøfta. Deretter vart det annonsert ein høyringsfrist for innspel til vedtektene, denne var tsett til 1.januar 2010. I etterkant av dette har styret hatt ein nøye vurdering av innspela frå møtet og frå høyringa, resultatet av desse vurderingane er innarbeidd i endeleg framlegg som vart presentert for årsmøtet.
På årsmøtet var det 91 frammøte som representerte 189 røyster. Dette er omlag så mange som har vore på parteigarmøta dei seinare åra, men det er likevel få i høve til dei 20.302 partane i Kraftlaget.
Styreformannen gjorde det klart at ein ikkje var vedtaksføre i sak 12, då 2/3 av partsmedelen ikkje var representert (jamfør vedtektene § 19.b). Han ynskte likevel å ta ein full gjennomgang av saka, for at styret skulle få tilbakemeldingar frå parteigarane på framlegg til tilpassa vedtekter. Han gjorde det klart for årsmøtet, at det er høve til å gjera endringar fram mot omframt årsmøtet. Etter at framlegg til tilpassa vedtekter er kunngjort i samband med det omframme årsmøtet, er det ikkje lenger høve til å gjera realitetsendringar, då dette ikkje er lovleg. Det omframme årsmøtet må såleis anten vedta eller forkaste forslag til tilpassa vedtekter. Han bad difor årsmøtet synleggjera eventuelle innvendingar, slik at styret kan ta desse med i ei siste vurdering før realitetshandsaming til hausten.
Styreformannen las opp heile framlegg til tilpassa vedtekter, deretter vart det opna for innspel og debatt. Det vart noko ordskifte om ein del av desse punkta. Etter debatten vart det bede om at det vart gjennomført ei prinsippavrøysting på følgjande 3 punkt:
1. Samvirkelag eller aksjeselskap ?
2. Medlemskap for alle som handlar med laget ?
3. Styret sitt framlegg til tilpassa vedtekter.
Avrøystinga gav fylgjande resultat:
1. 3 av 189 røyster for å vurdere omdanning til aksjeseselskap
2. 4 av 189 røyster for å tilby medlemskap til alle som handlar med laget.
3. 187 av 189 røyster for styret sitt framlegg til tilpassa vedtekter.
Resultatet av prinsipp- avrøystinga og dei andre innspela vert teken med vidare. Ny handsaming av tilpassa vedtekter vil etter planen skje på omframt årsmøte i september 2010.

