Gamle partar
Me utbetalar 15 millionar kroner, - har du pengar til gode?
Årsmøtet i Finnås Kraftlag BA vedtok i september 2010 at føretaket skal vera eit samvirkelag etter reglane i den nye samvirkelova, og det vert difor overgang frå partar til medlemskap.
Finnås Kraftlag SA er no i gong med å gjennomføra årsmøtet sitt vedtak, og det vert no gjort ein jobb med å rydda i gamle partar. Ein skal då oppskrive partar i tråd med vedtektenes § 14 og gjennomføre utbetaling og etablere eit medlemsregister.
I oktober vart det sendt ut medlemsbevis til alle kundar som eig partar i Kraftlaget. Om du innan midten av oktober ikkje har fått tilsendt slikt medlemsbevis, men meinar du, eller nokon annan i husstanden, har partar - så ta kontakt med oss på epost firmapost@finnas-kraftlag.no eller på telefon 53 42 89 00.
Me oppfordrar dei som sit på gamle partar som er arva om å søka innløysing. For partar som er registrert på andre namn enn ditt eige, er det krav om dokumentasjon om eigarskap.

