SMARTenergi

Ungt Entreprenørskap, i samarbeid med Statkraft, står som arrangør av konkurransen SMARTare Energi.

I kommunen vår hadde alle 6. klassingane meldt seg på konkurransen. Ungt Entreprenørskap Hordlaand var arrangør av den første SMARTcampen i Sunnhordland. Denne vart halden i Rubbhallen i byrjinga av mars. Nina Østensjå Borrevik leia campen med omlag 170 elevar og lærarar.

Seinare vert det liknande arrangement i Kvinnherad og på Stord.

Ungt Entreprenørskap samarbeidar med næringslivet i kvar kommune, og her i kommunen er det Finnås Kraftlag, Wärtsilä og Bømlo kommune som er samarbeidspartnarar.

Tanken med konkurransen er at sjetteklassingane skal komma med nye idear til korleis me kan ta i bruk reine energikjeldar. Bømlo kommune utfordra elevane til å komma med innspel, teikningar og modellar til ny Bremnes Ungdomsskule. Finnås Kraftlag ønskjer at elevane skal få meir kunnskap om energibruk i heimen og kanskje kan elevane også verta miljøenergipoliti i heimen.

Oppgåva elevane fekk var:
Tenk gjennom kvardagen til deg og din familie:
•Kva er det de brukar mest energi på?
•Korleis kan de erstatta denne energien med anna og reinare energi?
Stikkord: Heime i huset, på ferie, i fritida

Laget frå Espevær skule gjekk seirande ut av konkurransen. Oppfinninga deira ”KamLys” sørga for redusert energibruk i huset, ved at lyset vart automatisk slått på når ein gjekk inn i rommet, og slått av når du forlet rommet.

Bildet syner det seirande laget frå Espevær skule. Frå høgre: Andreas Hatlevik, Victoria Urangsæter, Katrine Larsen, Tea Øverås.

Ungt entreprenørskap - elevar Espevær skule