Enklare pålogging til "Mi Side"
Me har gjort tilgangen til "Mi side" endå lettare. Du finn pålogging på framsida av www.finnas-kraftlag.no eller under det grå menypunktet "nett" eller wwww.nett.finnas-kraftlag.no.
Bruk epostadressa di ved innlogging
Du nyttar no epostadressa di som du sjølv har lagt inn i personlege opplysningar på "Mi side". I tillegg vel du sjølv passordet ditt.
Har du ikkje registrert epostadresse på "Mi side" så vel du "nytt passord" i innlogginsruta og du får tilsendt eit midlertidig passord som du nyttar saman med kundenummeret ditt som du finn på faktura frå oss.
Me står sjølvsagt til disposisjon dersom du står fast. Ring oss gjerne på telefon 53 42 89 00.
Passordtips
Når du vel passord så er det smart å nytta ei blanding av tal og små og store bokstavar. Ikkje bruk namnet ditt eller familiemedlemmar, og heller ikkje fødselsdagar eller telefonnummer.
Passordet du får tildelt av oss, må du endra første gang du loggar på.

