Purrerutinar
Ta alltid kontakt med oss ved betalingsvanskar, så kan me saman prøva å finna ei løysing.
Ved manglande betaling er rutinene våre slik:
Dersom me ikkje mottek betaling innan betalingsfristen, er rutinen at me sendar ut ei purring/inkassovarsel og det vert lagt til eit gebyr på kr. 59,- på neste ordinære faktura
Dersom ikkje purringa/inkassovarselet vert betalt innan fristen, vert kravet automatisk oversendt inkasso. Det vil då koma inkassokostander i tillegg.
Dersom me framleis ikkje høyrer noko frå kunden og faktura framleis er ubetalt, vert straumen fråkopla. Kunden må då dekka den reelle kostanden med stenging, avgrensa opp til kr. 1000,-.
Dersom anlegget vert fråkopla, vert ikkje anlegget tilkopla att før all gjeld til Finnås Kraftlag er betalt. (Alternativt kan kunden få installert kortmålar. Dette fungerer på om lag same måte som eit kontaktkort på mobiltelefon)

