Finnås Kraftlag SA

Pressemelding, torsdag 21.09.2017, kl.0830


Haugaland Kraftlag AS og Finnås Kraftlag SA har inngått ein intensjonsavtale om å konvertere Finnås Kraftlag sin eigarpost på 10,14% i Sunnhordland Kraftlag til eigarskap i Haugaland Kraft. - Avtalen vil styrkja Finnås Kraftlag si vidare satsing som eit sjølvstending selskap, seier elverksjef Nils Gunnar Gloppen.

Styreleiar Torleiv Fylkesnes er opptatt av at alle medlemmene/eigarane i Finnås Kraftlag skal få god informasjon om denne saka. Han understreker at det er opp til årsmøte å ta ei endeleg avgjersle. Dersom styret godkjenner ein avtale, blir det først eit informasjonmøte, deretter vil saka komma opp til eigarane på eit ekstraordinært årsmøte. 

Les heile pressemeldinga her


Gåver til allmennyttige føremål - utdelt av styret

Årsmøtet vedtek kor mykje som skal setjast av som gåver til allmennyttige føremål. Denne summen er det styret i Finnås Kraftlag som disponerar.

Summen for 2017 er 1.000.000,-.

Reglane er:

  • Utdeling ein gong pr. år med søknadsfrist 15. september. Søknadsfrist blir kunngjort i lokalavisa.
  • Midlane skal forttrinnsvis gå til investeringar.
  • Styret kan dela ut gåver utan at det er kome inn søknad.
  • Før utbetaling av gåva, må det dokumenterast at pengane er brukt til føremålet.

Søknadsfristen er 15. september.

Søknadsskjema, word, for utfylling finn du her >>>

Søknadsskjema, pdf, for utfylling finn du her >>>


Ny straummålar

Snart får du ny automatisk straummålar (AMS). Myndigheitene har bestemt at alle skal få ny straummålar, og på Bømlo startar utrullinga i desember 2017. Den nye målaren skal gjera det ENKLARE og TRYGGARE å vera straumkunde. Den er SMARTARE og registrerar straumforbruket kontinuerleg. 

Du vil få høyra mykje om den nye straummålaren din i løpet av hausten, men har du spørsmål finn du mykje informasjon her: http://ams.nett.finnas-kraftlag.no 


Godt årsmøte 2017

113 personar fann vegen til Rubbhallen i går kveld. Av desse var 96 registrerte medlemmar som representerte 105 røyster. Jostein Grindhaug, leiar for FK Haugesund sitt A-lag, haldt eit spennande innlegg før styreleiar Torleiv Fylkesnes formelt erklærte årsmøtet for lovleg sett. Les meir:


Altibox og Finnås Kraftlag vil lytta til kundane!

Tidlegare har Altibox gått ut med informasjon om at alle kundar med grunnpakken automatisk ville få dei nye Eurosportkanalene. Etter eit par månaders prøvetid var tanken at prisen for grunnpakken skulle auke. Om ein ikkje ville ha desse sportskanalene så måtte ein aktivt seie opp den nye pakken. Blandt våre konkurrentar er dette ein heilt vanleg måte å innføre nye kanalar på, og Altibox planla å gjera det same. Dette var det svært mange kundar som reagerte på, og internt på kraftlaget likte me ikkje metoden. Me er difor glad for at Altibox lyttar til kundane og vil finna andre løysingar på innføring av dei nye sportskanalane. Tanken var god og for dei som likar sport vil ein få eit rikt fotball og sportstilbod til ein tredjedel av det prisen var tidlegare . Altibox vil i løpet av kvelden sende ut ny e-post til alle kundane. Det vil bli laga gode løysingar, slik at dei kundane som ynskjer å ha desse kanalane enkelt skal få tilgang til dei


Kraftkalenderen 2017

Det er dessverre oppdaga trykkfeil i årets kalender. I tillegg har det, som fleire av dykk har påpeikt, vore mangelfull distribusjon. Dette beklagar me, og i samråd med våre leverandørar er det bestemt at me vil trykke nye kalendrar som vil bli distribuert til alle kundane våre på Bømlo- også til dei som bur i utkantane. Når nytt opplag er klar, vil me melda frå på Facebook og her på heimesida vår.


 

Vinnar av fotokonkurransen er kåra!

Geir Einarsen er den heldige vinnar av fotokonkurransen vår. Me har i dag vore i kontakt med ein glad Einarsen på telefon. Han synest at premien på kr. 10.000,- er ein svært hyggelig førjulspresang.

Vinnarbilete (klikk på bildet for større format) viser Kjell Lønning som hjelper til med å berga fangsten til ungdomane Amanda Lovise, Endre og Lars Olav Eidesvik. Dei fekk utrulege 1,5 tonn sild i garnet! Juryen synest dette bilete formidlar best i forhold til kriteria: Kva skjer der du er? Heilt spesielle augeblink, menneske og natur på Bømlo.

Me er heilt overvelda og takknemlege over responsen på fotokonkurransen vår. Me fekk inn over 300 foto, og det er tydeleg at me har mange dyktige hobbyfotografar på Bømlo. Juryen har valt ut 12 flotte bilete som skal pryda kraftkalendaren 2017. Jesper Andersen, Asbjørn Sætre, Ranveig Marie Nesse, Mai Ådnanes, Mariann Sele, Solveig Johanne Grønnevik Grønstøl, Ingrid Hopsdal og Jone Røksund sine fotobidrag kjem også med i kalenderen, dei kan vente seg ei blomehelsing som takk for flotte bilete.

Resultatet får du sjå når kraftkalenderen kjem i postkassa di i romjula. Me håpar du likar den og tar den i bruk!


 

Allmennyttige gåver tildelt 2016

Årsmøtet 2016 vedtok å setja av 1 million kroner til gåvefond disponert av styret i Finnås Kraftlag. På styremøte 09.11.2016 vedtok styret å dele ut 1 million kroner fordelt på 132 ulike lag og organisasjonar. 

Finnås Kraftlag er glad for at så mange lag har søkt om stønad - det vitnar om stor aktivitet og eit yrande lags- og kulturliv i kommunen vår. Finnås Kraftlag håpar og trur at midlane kjem til god nytte. Les kven som har fått tildelt gåver...


 

 

 

 

 

Kundemagasinet Vår Energi

Finnås Kraftlag og styreleiar Torleiv Fylkesnes «brettar opp armane» og arbeidar vidare for at kraftlaget skal halde fram som eige selskap og tilpassa seg dei nye krava i energilova.

I magasinet kan du lesa meir om konsekvensen av storingsvedtaket om selskapsmessig- og funksjonelt skilje. I tillegg kan du lesa at nettselskapa står føre ein omfattande digitalisering av straumnettet som vil gi sikrare og meir effektiv nettdrift. Du finn også gode råd om eltryggleik og straumsparetips, for å nemna noko.

Me håpar du likar magasinet!

 


 

Finnås Kraftlag har forlenga avtalen med Haugaland Kraft Fiber

Finnås Kraftlag SA forlenga i dag, 29.02.2016, avtalen med Haugaland Kraft Fiber AS om leveranse av fibertenestane internett, tv og telefoni dei neste fem åra. Begge parter ser fram til å fortsetta med det gode samarbeidet.  Les meir ...


Finnås Kraftlag kritisk til nytt lovforslag!

Torsdag 21.1.16 var ein delegasjon frå Finnås Kraftlag på besøk på Stortinget og hadde møte med Øyvind Halleraker (H), KrF-leiar Knut Arild Hareide og fleire sentrale stortingsrepresentantar, deriblant Ola Elvestuen (V), leiar av Energi- og Miljøkomiteen. Målet med møtet var å drøfta lovforslaget om selskapsmessig- og funksjonelt skilje.
Pressemeldinga finn du her...


Gladmelding til alle elbilistar med rekkeviddeangst

Tysdag 5. januar vart den nye hurtigladestasjonen på Svortland offisielt opna.

Dagfinn Gjøsæter, avdelingsleiar for nettdrift, har vore prosjektleiar og er glad for at me no kan tilby hurtiglading også på Bømlo (klikk på bildet for større versjon).

Selskapet Grøn Kontakt står for drift av stasjonen. Telefonnummer til kundeservice er 47 67 08 00. Meir informasjon om Grønn Kontakt, og spørsmål og svar om lading finn du på selskapet si heimeside: http://gronnkontakt.no/


Viktig avtale signert - nye straummålarar

Innan 01.01.2019 skal alle kundane våre få installert ny automatisk straummålar. 21.12.2015 signerte Finnås Kraftlag kontrakt om leveranse av slike målarar med Koreanske Nuri Telecom. Me har og signert kontrakt om installasjon av målarane med firmaet OneCo. Innbyggjarane i Bømlo vil få besøk av montørar frå dette firmaet i løpet av perioden 2017-2018.

Finnås kraftlag er med i eit stort felles samarbeidsprosjekt som vert kalla SORIA, og som omfattar 29 selskap og 700.000 målarar. SORIA har delt ut oppdrag til ein samla verdi på 1,4 milliardar.

Meir informasjon om nye straummålarar finn du her >>>


Tariffar for nettleige 2016

Les meir om tariffane for 2016, og kva nettleige er  ...


Altibox og Finnås Kraftlag er best i bransjen!

For sjette år på rad har Altibox, som vert levert av Finnås Kraftlag, dei mest tilfredse breibands- og digital-TV-kundane i Norge, ifølge EPSI. Dette er ikkje vanlig kost i Norden. I same kundeundersøking kjem Finnås Kraftlag best ut, med høgast score av alle Altibox Partnarane. Les meir >>>


Informasjon ved straumbrot

Frå tid til annan skjer det at me får uventa straumbrot.Klimaorskarane spår meir ekstremvær i framtida, og kundane våre må vera førebudde på at det kan oppstå situasjonar med lengre straumbrot.

Me lever i eit informasjonssamfunn og veit at kundane våre ynskjer rask og kontinuerleg informasjon. Når det oppstår straumbrot prøver Finnås Kraftlag å nå ut med informasjon via facebook, heimeside og SMS. For å få meldingar på sms er det viktig at me har oppdaterte kundedata og korrekte mobilnummer. Difor er det flott om du loggar deg inn på «Mi side» på heimesida vår www.finnas-kraftlag.no, og sjekkar at me har korrekte kundedata registrert på deg.


Pressemelding frå SKL og Haugaland Kraft:

Haugaland Kraft og SKL ønsker å videreutvikle selskapene gjennom omstrukturering.

Styrene i Haugaland Kraft AS og Sunnhordland Kraftlag AS har vedtatt å arbeide fram en avtale om å omstrukturere selskapene gjennom kjøp og salg av virksomhetsområder.

Transaksjon vil innebære et betydelig bytte av aktiva hvor SKL sin nettvirksomhet og markedsvirksomhet blir solgt til Haugaland Kraft, SKL overtar Haugaland Kraft sin produksjonsvirksomhet.      Les meir... 


"MI SIDE" er blitt ny og betre

Det er innført nye tenester og du får meir informasjon om kundeforholdet ditt. Pålogging til Mi side finn du no i den lyseblå fana til høgre på sida vår.  Les meir om MI SIDE ...


Nytt straumforslag er direkte disktriktsfiendtleg

Dette meinar elverkssjefen i Finnås Kraftlag og leiar i KS Bedrift Energi som har skrive lesarinnlegg i Bømlo-nytt. Det vil verta store ekstrakostnader - som kundane må bera - dersomforslaga i rapporten som er tinga av Olje- og energidepartementet vil gå gjennom.
Les heile lesarinnlegget her ...


Nye "smarte" straummålarar

I løpet av nokre år, innan 2019, vil kundane i Finnås Kraftlag få nye såkalla "smarte" straummålarar. Dei nye målarane vil automatisk registrera straumforbruket kvar time, og det vert då slutt på målaravlesingane slik som i dag. I teorien vil kundane få betre oversikt over eige straumforbruket, og håpet er at kundane vert meir energi- og prismedviten.
Les reportasjen som Bømlo-nytt hadde 9.10.14 om desse straummålarane ...


Enkelt å kjøpa Altibox produkt

Via Altibox sitt nye samarbeid med Komplett.no kan me no også tilby deg produkt me trur du kan ha nytte av. Les meir ...


Altibox Loop - ta telefonen med deg der du er

Heimetelefonen din er blitt moderne igjen! Uansett kvar du er, ring via heimetelefonen frå kr 0,- (dersom du har Triple Play).
Les meir om Altibox Loop ...


Energiutgreiing for Bømlo

Utarbeiding av lokale energiutgreiingar skal hjelpa til med å auka kunnskapen om lokal energiforsyning, stasjonær energibruk og alternativ på dette området, og slik vera med på ei samfunnsmessig rasjonell utvikling av energisystemet. Les meir ...


Bli medlem!

Klikk på konvolutten til høgre og send inn skjema for å søkja medlemskap i Finnås Kraftlag.

Meir informasjon finn du her ...

 

 

 

 

Lagre

Lagre

Lagre

Lagre

Lagre