Om Finnås Kraftlag

Finnås Kraftlag er eit partlag. Føremålet er å skaffa nok energi og syta for ein sikker og rasjonell energidistribusjon samt gje eit breibandstilbod til parteigarar. Bømlo kommune eig ca 20 % av partane, medan dei andre kundane eig resterande 80 %.

 

Visjonen vår:

"Me é der når nåke skjer!”

- Me e’ der og reparer når uveret tek straumen.

- Me e’ der når nye bustadfelt eller industriområde skal byggjast ut.

- Me e’ der når nåke skjer, uansett om endringane er planlagde eller uføresette.

 

 

Me i Finnås Kraftlag skal vera:

Servicevenlege

- Me står til teneste for kundane og kvarandre, med fleksibilitet og godt humør

Dyktige

- Me utfører oppgåvene våre med solid fag- og lokalkunnskap

Rettskafne

- I små og store saker skal det synast at me er rettferdige, ærlege og til å stola på

Offensive

- Me møter utfordringane våre offensivt og løysingsorientert

Mann oppi stolpe