eFaktura

eFaktura - enkelt og greit.

 

Kva er eFaktura?

Med eFaktura får du rekninga di ferdig utfylt rett i nettbanken i staden for i posten. Dermed slepp du å tasta inn lange KID- og kontonummer når du skal betala. Beløp og forfallsdato kan endrast, og du vel sjølv når du vil godkjenna eFakturaen i nettbanken.

Sei Ja, takk!

Etter å ha betalt ei rekning i nettbanken din, vil du ofte få spørsmål om du ynkjer å ta i bruk eFaktura. Då er det berre å sei ja, takk, så vil du få neste rekning tilsendt som eFaktura.

Registrer deg sjølv

Når du skal registrera nye eFaktura-avtalar i nettbanken, treng du ein eFakturareferanse. Den finn du på forrige rekninga frå den bedrifta du ynskjer å oppretta eFaktura-avtale med.
Logg deg på nettbanken, finn fram til eFaktura, og registrer ein avtale med den bedrifta du ynskjer.
eFaktura + avtalegiro - enklast og best!

Den enklaste og beste løysinga er å kombinera avtaleGiro med eFaktura.

AvtaleGiro gir deg følgjande fordelar:

• Du blir varsla minst 7 dagar før forfall
– då har du full kontroll med rekningane dine

• Kontoen din blir automatisk belasta ved forfall
– då slepp du å betale giroen i banken/nettbanken

• Du får kvittering med forklarande tekst på kontoutskrifta
– då får du god oversikt

For å koma i gang med Avtalegiro, - kontakt banken din. Les meir om dette hos BBS >>>

Rabatt

Inngå eFaktura avtale med oss, og få kr. 200,- i fråtrekk på ein faktura etter registrering av e-Faktura avtale.

(NB! Av praktiske årsaker samlar me opp, og kjører denne rabatten omlag 2. kvar måned. Det kan difor gå eit par månadar før du ser rabatten på fakturaen din.)

e Faktura m rabatt