Brukarrettleiing
På denne hjelp-sida vil du finna brukarrettleiing for dei forskjellige funksjonane på "Mi Side".
"Mi side" er ei Internettside der du kan få oversyn over heile kundetilhøvet ditt til oss.
"Mi side" er kvar einskild kunde si eiga side hos Finnås Kraftlag. Her vil du mellom anna få oversyn over faktura (både nett, kraft og breiband), eige forbruk, melda inn målarstand og prøveavrekna neste faktura. Denne sida gjev såleis eit godt oversyn over kundetilhøvet ditt.

Pålogging
Påloggingsvindu finn du oppe til høgre på den blå" eller grå nettsida vår.
For å logga inn skriv du di eiga epostadresse. Har du gløymd passord så bruk knappen "Nytt passord" i innloggingsruta. Då får du straks tilsendt passord på e-post. Dette passordet endrar du enkelt inne på sida under "Din profil".
Les meir om innlogging her >>>
Kontrollera og endra kundeopplysningar
Det er viktig at me har rett informasjon om deg. Me ber deg difor om å kontrollera opplysningane under "Din profil". Her kan du endra alle opplysningar unnateke namn og fødselsdato. Me nyttar fødselsdato (ikkje heile personnummeret) for å stadfesta rett kunde, også når det gjeld partregisteret. Denne informasjonen vert handsama konfidensielt, og vert ikkje overdratt til andre.
Skulle opplysningane om namn vera feil, nyttar du skjemaet som kjem fram under linken registrer. For å endra eller føya til fødselsdato må du inntil vidare senda oss ein e-post.
Demo
På "Mi side" kan du klikka på menypunktet "Demo" for å sjå korleis sida vil sjå ut når ein sjølv er innlogga.
Logg ut
Hugs at du klikkar på "Logg ut" når du er ferdig slik at programmet vert skikkeleg avslutta.

