Desse sakene ligg føre:
Sak 1.      Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 2.      Godkjenning av møteboka frå årsmøte 17.juni 2020
Sak 3.      Val av to personar til å skriva under møteboka og val av to valobservatørar
Sak 4.      Godkjenna årsmelding for 2020
Sak 5.      Godkjenna resultatrekneskap og balanse for 2020    
Sak 6.      Gjera vedtak om disponering av overskot
Sak 7.      Fastsetja godtgjersle til styret og valnemnd
Sak 8       Endring av godtgjersle til styret og valnemnd
Sak 9.      Fastsetja godtgjersle til revisor
Sak 10     Velja revisor
Sak 11.    Velja styre og styreleiar
Sak 12.    Velja valnemnd etter forslag frå styret
Sak 13     Vedtektsendringar
Saksdokumenta vert lagt ut til gjennomsyn på Kraftlaget sitt kontor og på heimesida frå 07.06.2021. Medlemmer kan få tilsendt saksdokumenta dersom ein ber om det.

Viktig informasjon!

Av omsyn til smittevern grunna Korona-situasjonen vil me også i år ha påmelding til årsmøte. For å delta må du melda deg på innan 11. juni. Send påmelding til firmapost@finnas-kraftlag.no eller ta kontakt med oss på telefon 53 42 89 00. Du vil motta ei stadfesting på at påmeldinga di er registrert. Registrering av oppmøtet vert gjennomført som normalt. Det vert enkel servering i pausen. For å ivareta smittevern vil ein oppmoda om at flest mogleg vert sitjande i sine tilviste seter i pausen. For å unngå større forsamlingar i foajeen ber me om at ein etter registrering går inn i møtesalen.

Årsmøte vert arrangert med atterhald om at myndigheitene tillèt større forsamlingar. Dersom talet på påmelde overstig grense sett av myndigheitene vil møtet måtte bli arrangert digitalt. Dersom ein slik situasjon oppstår vil du bli kontakta, men i utgangspunktet vil møtet gå av stabelen 15. juni i Bømlo Kulturhus med påmelding som nemnt ovanfor.

Alle medlemmer vil få innkalling og sakliste tilsendt. For å lette registreringsarbeidet må innkallingsbrevet takast med på årsmøtet. Ynskjer du å gje frå deg fullmakt til andre må du fylla ut og signere på skjemaet nedst på innkallinga.