Finnås Kraftlag
NYHENDE:
Årsmøtet 2012
Den 9. mai vart det halde ordinært årsmøte i Finnås Kraftlag SA. Møtet vart halde på Moster skule, Mosterhamn. Oppsummering frå årsmøtet kan du lesa her ...
Gilje skule vann Fylkesfinalen i SMART energi 2012!

28. mars var det fylkesfinale i SMART energi 2012 på VilVite senteret i Bergen, og laget frå Gilje skule gjekk seirande ut! Me gratulerar!
Veka før fylkesfinalen var var vinnarlaget frå Gilje skule og Smart Energi konkurransen mellom skulane på Bømlo, tilbake på Kraftlaget. Førre onsdag møtte dei hard konkurranse frå 7 andre lag, i kommunefinalen i Smart Energi her på huset. Les meir ...
Bli medlem!
Klikk på konvolutten til høgre og send inn skjema for å søkja medlemskap i Finnås Kraftlag.
Meir informasjon finn du her ...
No er Altibox Chill lansert også for Ipad!
Med Chill blir tv- og filmtenesta til Altibox tilgjengeleg på fleire plattformer. Les meir >>>
Trådlaus tv
No kjem Altibox med løysing for trådlaus tv - eit produkt som gjer det mykje enklare å ta i bruk Altibox dekodaren din. Les meir >>>
TV fotball på ein heilt ny måte
Med kanalpakken Hjemmeseier får du alle kampene frå Tippeligaen direkte, i tillegg til heimelandskampar og fleire kampar frå Adecco-ligaen, Toppserien og cupen. Les meir >>>
Nettariffar gjeldande frå 1.1.2012
For 2012 held ein fram med å gi rabatt på nettleiga. Når inntektsramma i tillegg er justert ned, er me glad for å kunne informere om at nettleiga di vert sett ned i 2012. Tariff reduksjonen er på om lag 10%. Les meir ...
El-sertifikat
El-sertifikat er ei støtteordning for fornybar straum. Straumkundane finansierer ordninga over straumrekninga. Stortinget vedtok sommaren 2011 Lov om el-sertifikat. El-sertifikat vert innført i Noreg frå 1. januar 2012. Målet er auka produksjon av fornybar straum. Les meir ...
Mange vil løysa inn gamle partar, og mange vil verta medlem i Kraftlaget
Me er no i gong med å gjennomføra årsmøtet sitt vedtak om at Kraftlaget skal vera eit samvirkelag etter reglane i den nye samvirkelova, og i dette ligg overgang frå partar til medlemskap.
Det har vore stor pågang om innløysing av gamle partar, og gledeleg mange har søkt om medlemskap i Finnås Kraftlag. Både innløysing av gamle partar og nytt medlemskap er ein tidkrevjande og omfattande jobb. Me bed difor om forståing for at det kan verta noko lenger sakshandsamingstid enn både me og kundane kunne ønskja.
Magasinet "Vår energi"
Har du pengar til gode? spør elverkssjef Nils Gunnar Gloppen og avdelingsleiar Bente Steinsland på framsida av "Vår energi", - magasinet som for ei tid tilbake kom til alle husstandar i Bømlo.
Magasinet inneheld nyttig informasjon m.a. om elsikkerheit, energi og miljø og om smarte målarar i sikringsskapet. Du finn også ein opplysande reportasje om Finnås Kraftlag sitt arbeid med overgang frå partlag til samvirkelag, etablering av medlemsregister og avvikling av ordning med partar. Les magasinet (bladbar pdf) her ...


